Ettestad.com

Oppistua

Drangedalssoga

Teksten nedenfor er hentet fra "Drangedalssoga" - "Drangedal med Tørdal - ei bygdesoga" av Olav Sannes fra 1924. Det er skrevet av slik som det står i boka, men det er èn feil som er viktig å få med seg. Det står under Oppistua at husene brant i 1801. Dette er ikke korrekt. Det var husene i Nedistua som brant ned og som deretter ble bygd opp der de står i dag.

Oppistua = Nordre Ettestad, Nedistua = Søndre Ettestad.

ETTESTAD

R. kan ikkje seie sikkert kva navnet kjem av. Då stad-navna her har mannsnavn til fyrste led, trur han det er slik her og. Han trur nærmast det er mannsnavnet Eitil. 1665 var det bondegods, med skyld på 4 tn. Det var ”endnu nogen tømmerschauff”. Då låg plassen Snerteland til garden. 1723 sådde dei 1 tn. halvhevert, 8 tn. havre, fødde 2 hestar, 9 kuer og 9 sauer. Der var 2 plassar til garden, og ”lidet saugtømmer” med febeite i skogen. 1801 hørte plassane Portil og Bastnes til garden. 1866 sådde dei 6 tn. bygg, ½ tn. kveite, 4 tn. Havre, 20 tn. Poteter, fødde 4 hestar, 18 kuer og 48 sauer. Der var 115 mål dyrka, 30 m. dyrkbar jord, og 240 m. utslått. Der var kvennfall til garden, og or skogen kunde dei drive for 135 spd.

Tollef Ettestad var 1591 millom dei lagrettsmenn som valde utseningar til Kongehyllinga. Året etter betala han skatt til Akershus for garden. Det er truleg at der i fyrste halvdel av 1600 var to gardar. Der var mange brukarar: Olav, Søren, som 1625 fekk knivstikk av Olav Sandvik, Anstein, som 1635 fekk knivstikk av Nils Tørnes. Der budde og 1625 Torjus, som var kjørkeverje og ein vyrd mann. Men frå 1635 eigde odelsbonden Eilev Solberg garden, og etter han, sonen Aasulf Henneseid. Dei eigde 3 tn., med Olav Brenne frå Bøherad hadde 1 tn. Tallak bruka då garden i mange år. Det er truleg at Aasulf Henneseids enke makeskifta bort E. med halvten av Solberg, for i 1660 var Jørgen Torbjørnson frå Vrålstad eigar av garden. Han budde ikkje der, men på ytre Vefall og seinare på Solberg. Der døde han. Men enka, Taran Knutsdotter frå søndre Våje, budde lenge der med andre mannen sin, Jens Nesland (s. d.). Taran hadde Halvor, Aasulf, Eilev og Anne, g. m. Steinar Aakre. Dei eigde heile E., 1 tn. i Sandvik, Upsal og 2½ mæle i Vrålstad. Styfaren, Jens, ordna med gardane for bona hennars. Dei hadde mange saker mot Adeler om Sandvik, og med Isak Hansen i Kragerø, som ei tid eigde meste parten i E. Gardane med mykje gjeld på blei delt millom dei: Halvor fekk ein part i E. Aasulf, som ein ikkje ser meir til, fekk parten i Sandvik og litt i E. Anne fekk au ein part i E. Garden var då to manns bruk, og Halvor og Eilev budde der.

Nordre Ettestad

Halvor Jørgenson, d. 1696, g. m. Gunhild Torjusdatter Brosdal, f. 1643, d. 1717. Dei hadde: Jørgen, Anne og Aase. Han hadde svær gjeld på garden. Garden blei etter han verdsett i 180 rd., buet var på 268 rd., men gjelda var større. Den var mest til trelasthandlar Mads Hansen i Kragerø. Han gjorde ”beslag” i garden. Men enkas lagverge meinte ho hadde fritt rådvelde over garden til Isak fekk kongens medhald. Han slo garden til seg og buet hans eigde den.

Sonen, Jørgen Halvorsen, f. 1683, d. Omkr. 1730, fekk soleis ikkje garden etter faren. Men då han var myndug, lyste han odel og pengemangel til’n. Fyrst 1720 lykkast det han å få skjøte på garden – 2 tn. – for 300 rd. Då var det Bertel Clausen Bugge som eigde han. Jørgen var av eldste ættled. Han lyste pengemangel til grannegarden au. Men det gjekk ikkje, då Ettestad ”fra Arilds tid havde været 2 åseder”. Jørgen rette op sakene på garden igjen. Han var gift, men kven det var med, veit ein ikkje. Bona hans var: Halvor, Aasulf, Tjostolf, Taran g. m. Mads Larson Rød, Gunhild, Tore og Aaste.

Halvor Jørgenson, f. 1704, d. 1772, g. m. Maria Vraalsdotter – enke etter Claus Jørgenson (Niemann) på Tørnes -. Ho døde på E. 1767. Nils, son til Claus og Maria, fekk 1 tn. i E. i morsarv. Han selde det og flytta til Tveiten i Nissedal. Jørgen Halvorson, son til Halvor og Maria, tok det igjen på odel for 300 rd. Nils hadde selt det til Bjørn Upsal for 550 rd., so det var ein god forretning. Seinare fekk han farens part, so han sat med heile garden. Jørgen var g. m. Anne Madsdotter Rød. Dei sat godt i det. 1772 makeskifta han bort E. Med Jørgen Jørgenson Snøås, og fekk Snøås og 840 rd. igjen.

Jørgen Jørgenson var son til Jørgen Vågsland, som budde på Snøås. Han var f. 1754, d. 1804, g. m. Sigrid Eriksdotter frå Ettestad søndre – enke etter Tor Hansson Homleid – f. 1741, d. 1806. Ho var altso av den gamle ætta på E. og hadde odel til garden. 1801 brann husa i ein hard storm. Det var stor velstand på garden i Jørgen og Sigrids dager. Det viste skiftet hans. Han hadde då selt E. til den eldste sonen for 800 rd., lausøre for 300 rd., uteståande 3700 rd. For det hadde han delvis pant, m. a. i Årak og Nes i Nissedal og Kolse i Fyresdal. Det var på netto 4600 rd. Same år gjorde Sigrid au skifte, og buet var 2000 rd. netto. Det blei delt mellom hennars bon, både med fyrste og andre mannen. Jørgen og Sigrids bon var: Tor, som fekk garden, Jørgen, kom til vestre Brevik i Bamble, Erik, budde ei tid på Åkre i Kjosen, Simon, budde fyrst i Kiil og kom til Josurheid, Jørgen d. y. og Gunnar, var heime då faren døde, Mari g. m. Gunnar Knutson Singusdal, Kari, g. m. Knut Gunnarson Singusdal og Helge g. m. Olav Gunnarson Sandvik.

Tor Jørgenson, f. 1768, g. m. Tone Jørgensdotter Bø som døde same året ho blei gift – 1791 – 20 år gamal. Han gifta seg igjen med Maria Jørgensdotter, og hadde med hennar Jørgen, g. m. Asborg Anundsdotter Lauvstad, Per Simon, g. m. Sigrid Nilsdotter, Sigrid og Aslaug. Tor var lagrettsmann, og måtte 1811 bøte 3 lod sølv for han ikkje møtte på tinget. Det gjekk ut med han, og 1831 selde han garden til J. C. Heuch for 1200 spd. No kom der ei ny slekt på garden.

To år etter selde Heuch garden for 1500 spd. til Jørgen Person Finneid, f. 1800, g. 1828 m. Ellen Helene Olsdotter Kurdøla, Sannidal, f. 1807, d. 1876. Dei hadde Per, som fekk garden, Olav g. m. Kari Knutsdotter Finneid og kom til Lauvstad, Knut Jørgen, g. m. Gunhild Ellingsdotter Vølstad og kom til Vågsland, Erling, g. m. Mari Olsdotter Bustrak og reiste til Amerika, Klas, reiste til Amerika, Asborg Tomine, g. m. Tomas Knutson Ettestad, Karen Maria, g. m. Elling Larsson Naas, Mariken, g. m. Halvor Gunnarson Tørnes.

Per Jørgenson, f. 1828, g. 1858 m. Karen Maria Knutsdotter Henneseid, f. 1840, - dotter til Knut Finneid den yngre, som kom til Henneseid -. Dei hadde dottera Helene Maria, som er g. m. Jørgen Jonsen Bustrak. Per gifta seg igjen 1867 m. Marte Knutsdotter Finneid, f. 1839, og hadde med hennar Knut, Klas, Agnete g. m. Lars Oseid, og Per.

Knut Person, f. 1878, sit no med garden. Han er g. m. Marie Olsdotter Vraalstad og har bona: Per, Olav, Jørgen og Tor.

Søndre Ettestad

Jørgen Torbjørnson Vrålstad og Taran Knutsdotter Våjes tredje son, Eilev Jørgenson, fekk den søndre garden. Han var f. 1662, d. 1712, g. 1688 m. Tyri Eriksdotter Aase, f. 1665, d. 1712. At dei døde same året i sin beste alder, tyder på smittsam sjukdom. Han fekk både E. og Upsal, men det var mykje gjeld på dei. Fyrst budde dei på Upsal. Begge gardane blei selt ifrå han ved tvang, og han dreiv som brukar paa E. Dei hadde sønene Erik, Halvor og Jørgen, som kom til Rugtveit i Solum, og dottera Helge, g. m. Olav Andersson.

Erik Eilevson, g. m. Helvig Rolfsdotter, f. 1683, d. 1750. Dei hadde fleire bon, m. a. Sonen Erik. Erik Eilevson døde alt 1721, og enka gifta seg året etter med Hellek Hansson. Med han hadde ho dottera Anne. Dei fekk kjøpt garden igjen av Klaus Bertelsen Bugge for 239 rd. Det blei retta paa finansane, og pantet blei avlese. Hellek var ein dugande kar og dreiv godt for stybona sine. Han sat med skjøta, og grannen Jørgen lyste odel. Hellek meinte det var stybona som skulde ha garden, og Jørgen kom ingen veg. Då Helvig døde, gifta han seg med Anne Maria Isaksdotter og flytta til Søndrekil. Paa sine gamle dager kom han tilbars til E., og døde der 83 år gamal i 1773. Det var Erik Erikson som fekk garden. Han var fødd 1721 – same år som faren døde – og døde 1782, g. 1742 m. Anne Torbjørnsdotter Bustrak, f. 1723. Erik fekk halvten av garden då mora døde, og resten av Hellek i 1752. I Eriks tid var der velstand på garden. Ved skifte etter han hadde buet E. og ein part i Fiskevann gjeldfritt, uteståande på rente 600 rd., og mykje godt lausøre. Bøker: Brochmands huspostil, salmebok, ”Laas for munden”, Himmelske Herredag, bønnebok, Aandelige siungekor, Japtes Asent, Peder Dass sange, Vandrende sjel, Lovbok. Erik hadde fyrst bestemt at garden skulde delast i 2 åsæter. Etterpå fann han at garden ikkje var ”tilstrekkelig til 2 familiers underhold” og tok det tilbars. Eldste sonen skulde løyse garden for 500 rd. og Fiskevann for 230 rd. Anne gav frå seg retten til halve buet, då ho var gamal, og gav seg i follaug til eldste sonen. Buet var på netto 1877 rd. Erik og Anne hadde: Torbjørn som fekk garden, Jørgen, som budde på Berøy i Skåtøy, Helvig, g. m. Per Jonson, y. Vefall, Synnøve, g. m. Eivind Knutson Vølstad, Maria, g. m. Klas Knutson Tangen, Sannidal, og Aaste, g. m. Steinar Olson Vraalstad. Den eldste dottera, Sigrid, var g. m. Jørgen Jørgenson på grannegarden.

Torbjørn Erikson, f. 1748, d. 1826, g. 1. gong med Kjersti Torbjørnsdotter Lone, f. 1737, d. 1796. – Ho hadde før vore gift, fyrst med Knut Vølstad og so med Jørgen Jørgenson Snøaas. Andre gongen gifta han seg med søstera, Kari Torbjørnsdotter Lone, f. 1747, d. 1821. Dei hadde ikkje bon. Torbjørn sat au godt i det på garden. I skifte etter Kjersti sat dei gjeldfrie på E, verdsett i 600 rd., og halvten av Fiskevann 250 rd. Dertil hadde dei 750 rd. i reide pengar. Buet var på netto 2100 rd.

Jørgen Torbjørnson, f. 1778, g. m. Anne Steinarsdotter Vraalstad, f. 1785. Dei hadde: Torbjørn, Steinar, Erik, Jørgen, Kjersti. Jørgen fekk svære ”herligheter” og hadde bare ei søster å løyse ut. Ein kan derfor ikkje forstå at han 1831 selde garden til Heuch for 1250 spd. Søndre E. gjekk då ut av slekta på same tid som grannegarden. Sonen, Torbjørn Jørgenson, f. 1806, budde på garden til faren seld’n. Han var g. m. Aslaug Maria Kjetilsdotter Bø. Dei hadde fleire bon.

Heuch selde garden 1835 til Knut Tomasson Våje, f. 1804, d. 1870. Med han var heime, då han var 19 år, gifta han seg med den 17 årige Mariken Halvorsdotter ø. Straume, f. 1806, d. 1881. Knut kjøpte ein stor part av Vraalstad. Dei hadde: Tomas, som kom til Vraalstad, Halvor, som blei på E., Erling, fekk Skarstøl, blei g. m. Anlaug Olsdotter Gautefall og reiste til Amerika, og Johanne Maria.

Halvor Tomasson, f. 1837, g. m. Anne Tomine Aslaksdotter Aakre, f. 1839. Dei hadde Knut, Johanne Marie, g. m. Jørgen Johannesson, og Liv Torine.

Knut Halvorson, f. 1867, fekk garden, men selde han til Olav Tomasson Tveit og reiste til Amerika. Knuts svoger, Jørgen Johannesson, tok garden på odel, men selde han til Knut Halvorson Lensegrav.

Etter han fekk sonen, Olav Knutson Lensegrav, garden. Han er f. 1874, g. m. Mari Olsdotter. Dei har Knut, Maria, Anne, Tomine, Kirsten, Aslaug, Magnhild, Gunda, Herborg og Odrunn.

 

Videre oppdatering (av Per Halvor Ettestad)

Nordre Ettestad

Garden ble delt ved neste generasjonsskifte. Per overtok hovedgarden og Olav fikk Snartvika.

Per Knutsen, f. 1912, d. 1978, g. m. Liv Kjendsheim, f. 1917, d. 1999. De fikk barna Marie Kristine, Knut og Nils.

Knut Persen, f. 1943, g. m. Stenvor Oddny Røsvik, f. 1950. De fikk barna Laila og Per Halvor.

Per Halvor, f. 1974 eier nå garden. Han er s. m. Marianne Storbukås, f.1972, og har barnet Silje Marie.

Snartvika

Olav Knutsen, f. 1915, g. m. Anna Vogsland, f. 1922, d. 2001. De fikk barna Målfrid, Knut Arne og Astrid.

Arne, f. 1954 eier nå garden og har barna Åsne, Taran og Ånund.

Søndre Ettestad

Knut O., g. m. Magda Upsal, f. 1919. De fikk barna Olav, Odd Haldor, Mari, Magne Arnt og Morten.

Olav K.O., f. 1938, g. m. Berit Dalen, f. 1947. De fikk barna Nina, Knut Olav, Mette og Magne.

Nina, f. 1966, eier nå garden. Hun er g. m. Arne Herfoss, f. 1963, og har barna Linn Marie, Ida Emilie og Guro Seline.


Om... | Kontakt... | ©2009 ettestad.com | counter